Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Ledig stilling som rådmann

Ny rådmann må vere ein tydelig og samlande leiar. Han eller ho må klare å byggje tillit og etablere god samhandling mot politisk leiing og i forhold til kommunen sine tilsette

Klepp kommune arbeidar for å vidareutvikle kommunen som ein attraktiv og god kommune å vekse opp og bu i. Vår nye rådmann vil stå sentralt i dette arbeidet. Me søkjer ein trygg, tydeleg og samlande rådmann, med god økonomiforståing. Du må kunne syne til gode resultat som leiar i større organisasjon. Vidare vil vi vektlegge erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid, og god innsikt i kommunal forvaltning.Søkjarar må ha relevant høgare utdanning.

Kommunen har i dag ein «sunn» økonomi, men nye investeringsbehov i samband med sentrumsutvikling og skuleutbygging samt aukande arbeidsløyse kan føre til ein meir «pressa» økonomisk situasjon. Klepp kommune samarbeidar med nabokommunane på fleire områder, men ønskjer ikkje å slå seg samman med nokon av desse. Det er gjennomført folkerøysting. Og 73,2% av dei som røysta sa nei til samanslåing.

For å sjå heile stillingsannonsa