Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Plan for fysisk aktivitet

14. november klokka 19.00 blir det høyringsmøte om kommunedelplan for fysisk aktivitet 2018-2029 i formannskapssalen på rådhuset. Tema er friluftsliv. Varaordfører deltek. Møtet er ope for alle interesserte.

Formannskapet vedtok i møte 16/10 å leggja ut kommunedelplan for fysisk aktivitet 2018-2029 på høyring.

Me oppmodar lag og organisasjonar, offentlege aktørar og enkeltpersonar til å lesa planforslaget og komma med høyringsinnspel.

14. november klokka 19.00 blir det høyringsmøte med tema friluftsliv i formannskapssalen på rådhuset.
Varaordfører deltek. Møtet er ope for alle interesserte.

13. desember klokka 14.00-16.00 er ordføraren tilstades på Jærhagen for å ta i mot høyringsinnspel til planen.


Høyringsinnspel kan sendast på e-post til Klepp kommune postmottak@klepp.kommune.no eller til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe.

Alle mottekne høyringsinnspel vil bli gjort kjend for dei folkevalde i Klepp kommune.

Planforslaget finn du ved å klikke på lenka under

Planforlag fysisk aktivitet

Høyringsfristen er 15. desember 2017.