Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Person busett i Klepp har testa positivt på koronavirus

4. mars klokka 15.00 vart det bekrefta at ein person busett i Klepp kommune har testa positivt på koronavirus. Testen vart utført 3. mars. Vedkommande har milde symptom. Vedkommande er i heimeisolasjon. Næraste familie er i karantene i eigen heim og vil bli testa på grunn av milde symptom. Klepp kommune følger opp personen og samarbeider med nasjonale helsemyndigheiter. Kommunen avventar endeleg bekreftelse på prøven frå Folkehelseinstituttet. 

Vedkommande har vore på ferie i Italia saman med kjenningar. Kjenningane, som er busette i eit anna fylke, har også testa positivt på korona. Ut frå eit føre var-prinsipp driv ein no oppsporing av moglege kontaktar. Personar som har vore i kontakt med den smitta vil bli kontakta direkte med informasjon om kva dei skal gjere. 

–  Det er viktig at kvar og ein bidrar til å begrensa smitte. Personar som har vore i områder med vedvarande smitte eller i direkte kontakt med smitta personar, og har symptom på luftvegsinfeksjon eller feber må ringe fastlege eller legevakt, seier kommuneoverlege Roman Benz. - Alle andre som har spørsmål om korona kan ringa informasjonstelefonen 815 55 015 eller lesa på fhi.no eller helsenorge.no 

Det er viktig at folk tar omsyn og held linjene til lege opne for dei som treng det mest. 

Følg elles Folkehelseinstituttet sine råd om god handhygiene og hosting i papirlommetørkle eller albukroken. 

 Me har venta at det ville komme koronasmitte i kommunen og me har førebudd oss i tråd med nasjonale føringar, seier Benz. 

Me har fokus på førstekontakt, som blant anna betyr å sikra at vi har kapasitet til å ta imot sjuke eller antatt sjuke. 
 
Legevakta har kjøpt inn smittevernutstyr slik som frakk med lange ermer, augebeskyttelse og hanskar, og er klare til å teste fleire personar ved behov. 
 
Me er bevisste på at eldre personar med kroniske sjukdommar er meir utsette.