Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Opning av Klepp stasjon som mobilitetspunkt

På Klepp stasjon er det no lagt godt til rette for bruk av buss, sykkel og tog.

Dette blei markert ved ei offisiell opning onsdag 10. juni.

Ordførar Sigmund Rolfsen sto for tale og snorklipping, før han og rådmann Torild Lende Fjermestad tok ein prøvetur på bysykkel.

«Det som er gjort her er eit viktig løft for Klepp kommune,» sa Rolfsen.



Noko av det som no er på plass er:

• Gangavstanden mellom busstopp og togstopp er langt kortare enn før. Det er meir komfortabelt i all slags vind og vêr. Både dei reisande og bussen sparer tid på dette.

• Det blir overbygd sykkelparkering med tilgangskontroll. Den kjem på plass like etter sommarferien. Dette vil gjera det tryggare å parkera sykkelen på stasjonen.

• Bysyklane er på plass. Dei inngår i eit nettverk av bysyklar på Jæren. Det er også plassert bysyklar på Øksnavadporten.

• Fleire bussavgangar enn før har ført til fleire reisande med buss mellom Verdalen, Kleppe og Klepp stasjon.

I tillegg er planlegginga av dobbeltsporet på Jærbanen i gang.

Les meir om bysykkel-ordninga her