Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Ny vri - prosjektrapport

Målet med prosjektet var å få tak i dei unge sine erfaringar og opplevingar frå grunnskulealder, og i neste omgang nytta denne kunnskapen til å utvikla gode oppvekst- og velferdstenester.

Folkehelseoversikt Klepp kommune 2015-2026» viste at kommunen har store utfordringar med fråfall frå videregåande opplæring. I enkelte kull har bare 2/3 av elevane fullført videregåande opplæring, av desse er 1 av 4 arbeidsledige eller uføre to år etter at dei gjekk ut av grunnskulen. 70% av uføre mellom 18 og 29 har psykiske lidingar som hovuddiagnose.

Prosjekt
Klepp kommune fekk tildelt kr 500.000 frå Fylkesmannen i Rogaland for å finna meir ut kvifor så mange unge ikkje fullfører vidaregåande opplæring innan normaltid. Prosjektleiar Anders Stokkeland Olsen har leia det 1-årige prosjektet med tittel Ny vri- å læra frå unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring.

Målet med prosjektet er å få tak i dei unge sine erfaringar og opplevingar frå grunnskulealder, og i neste omgang nytta denne kunnskapen til å utvikla gode oppvekst- og velferdstenester. Basert på direkte innspel frå dei unge, skal det drivast internt endringsarbeid i organisasjonen.» 

Ny vri - prosjektrapport