Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ny visjon

Klepp skal få ny visjon - Blir du med? Møt opp til «workshop» på Orstadhuset på onsdag 20. februar kl 17.00

Kan du tenkja deg å koma med dine innspel i prosessen med å laga ein ny visjon for Klepp? Kanskje du vil engasjera laget ditt, organisasjonen eller andre du representerer til å delta?

Vi kan lova ei aktiv arbeidsform og lett servering.

Klepp sin visjon    visjon er 25 år gammal. Mykje har skjedd sidan 1994. Klepp er i ei spanande utvikling. Vi byggjer nå to nye skular. Vi skal byggja den råaste aktivitetsparken i landet og også ny folkehelsehall, nytt kommunehus og ny kyrkje.

Nye folk flyttar til kommunen. Nye næringar veks fram og ny teknologi endrar kvardagen vår. Verdiar, vanar og samhandling er i endring. Tradisjonar blir utfordra og forventningane er mange. Vi endrar måten vi arbeider på, måten vi lever på og også korleis vi forheld oss til kvarandre.

Klepp har tradisjonar, særpreg og identitet som skal få vera med oss inn i framtida. Gjennom denne idèutvekslinga ønsker vi å høyra kva innbyggjarane synes er bra med Klepp. Vi vil gjerne vita kva for verdiar og særpreg de meiner det er verdt å ta vare på. Og vi ønskjer innspel om kva for positive sider og moglegheiter det er viktig å dyrka framover i Kleppsamfunnet.

Klepp kommune inviterer til dugnad for å skapa ein ny visjon. Vi håper på engasjement både frå enkeltpersonar, organisasjonar og næringsliv i Klepp.

På grunn av matservering treng vi å vita kor mange som kjem. Meld deg på innan 14.02.2019 til sentralbordet tlf 51429800 eller e-post: kmh@klepp.kommune.no