Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Frivilligprisen - ny pris i Klepp kommune

Forslag til kandidatar kan sendast kommunen innan 10. okt.

Klepp kommune sin frivilligpris skal delast ut for første gong i år.

Alle innbyggjarar i Klepp kan kome med framlegg om kandidatar til frivilligprisen.

Føremålet med frivilligprisen er å synleggjera frivillig arbeid i Klepp kommune og å inspirera til frivillig innsats.

Frivilligprisen kan delast ut til ein person, ei lokal foreining eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig, ubetalt innsats, engasjement, initiativ og pågangsmot, til beste for enkeltpersonar, grupper eller samfunnet.

Det er styret for Klepp frivilligsentral som avgjer tildeling av frivilligprisen. Styret vurderer innkomne forslag, men står og fritt til å velje prismottakarar som ikkje er foreslått.

Frivilligprisen blir delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff, 1 januar.

Framlegg om kandidatur skal setjast fram skriftleg og grunngjevast. Framlegg med grunngjeving blir å senda:  Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe eller postmottak@klepp.kommune.no

Frist for å senda inn forslag til frivilligprisen er forlenga til  10.10. kl. 10.00