Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ny positiv korona-prøve i Klepp

Oppdatert 11.03.20 klokka 17:00

Tysdag 10. mars vart det bekrefta at ein ny person busett i Klepp kommune har testa positivt på koronavirus.

Dette er den same personen som Time kommune melde om i går, som jobbar ved Bryneheimen. Vedkommande har til ein kvar tid fulgt Folkehelseinstituttet sine retningslinjer om korona for helsepersonell. 

Vedkommande har vore på reise til London og har milde symptom 

Vedkommande har vore i nærkontakt med ein lege ved Jæren Legesenter i Klepp. Det vart tatt prøve av legen, og mens ein venta på svaret vart legesenteret stengt inntil vidare etter føre-var prinsippet. I tillegg er legesenteret smittevaska. 

Jæren Legesenter opnar igjen i morgon, 12. mars. Resultatet av prøven er negativ. Det er trygt å komma til legesenteret, og det er ikkje mistanke om at pasientar er smitta.

I samsvar med gjeldande reglar vil legen som vart testa no halde seg i karantene i 14 dagar. Drifta av legesenteret vert påvirka av at det no er to friske legar ute i karantene, og ein må prioritera kven som får time. 

Det vert laga eigne retningslinjer for pasientar som tar kontakt med luftvegssymptomer, og legesenteret ønskjer at alle pasientar med slike symptom tar kontakt via telefon eller nettsida og ikkje møter direkte på legesenteret før ein har avtale.