Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ny klatreinstallasjon ved Frøylandsvatnet

Tysdag 19. november opna eit nytt aktivitetsområde med klatreinstallasjon på Båtatangen ved Klepp stasjon

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen SR-bank.

Ordførar Sigmund Rolfsen talte, i tillegg til banksjef Ståle Hoff i Sparebank 1 og Ellen Instefjord frå Sparebankstiftelsen. Elevar frå Engelsvoll skule talte, song og dansa.

Anlegget vil bli ein ny destinasjon langs Frøylandsvatnet. Her er gode muligheiter for klatring, utfordringar i balanseløypa og trening i treningsapparata. Det er også gode plasser til å setja seg ned. I løpet av vinteren vil det og koma på plass ein gapahuk i området.