Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

No kan du sykla Jærruta!

22. april var representantar frå dei tre kommunane Hå, Time og Klepp samla på Brusand for å lansera nettsida jaerruta.no.

Det har vorte arbeidd med sykkelruta i fleire år, så det var litt tilfeldig at lanseringa vart akkurat nå.

– Men denne våren treng jo folk kortreiste reisemål, understreka Hå-ordførar Jonas Skrettingland før han sette seg på sykkelen saman med mellom andre Time-ordførar Reinert Kverneland og varaordførar Kjetil Maudal i Klepp.

I strålande sol (og med god avstand til kvarandre) testa trioen ut litt av turvegen mellom Brusand og Ogna. I tillegg hadde dei med seg mellom anna Elisabeth Saupstad, reiselivsdirektør i Region Stavanger, og Einar Otto frå Bryne Kro og Hotell – som er sentral i arbeidet med å etablera eit felles reiselivsselskap på Jæren.

Gjennom pilotprosjektet «Reisemålsutvikling på Jæren», støtta av HP Næring ved Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland, har me fått laga ein 14 mil lang sykkeltur for heile familien som startar i Sola og endar i Eigersund. Undervegs går turen gjennom både Klepp, Time og Hå.

Jærruta er laga i samarbeid med fleire reiselivsaktørar. På nettsida finn du både interaktivt kart og kort skildring av dei ulike stoppa. Du kan ta heile ruta som ein firedagerstur, eller velja deg ut ulike dagsetappar. Undervegs på etappane har me lagt til nye avstikkarar i kvar kommune.

God tur!

Les meir her.