Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Nå kan alle med symptom testast – men ring legen først

Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet, startar kommunane no testing av alle med mistanke om Covid-19.

Mistanke vil framleis i hovudsak seie feber, hoste eller tung pust.

Personar med milde symptom bør være heime og sjå an forma i to dagar. Viss symptoma ikkje går over tar du kontakt med fastlege som vil vurdera om du skal testast på luftvegslegevakta. På kveldstid og i helga, ring legevakta på 116 117. Ingen må møta opp utan avtale.

Viss du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du ikkje gå på jobb, skule eller barnehage.

Er du alvorleg sjuk skal du framleis kontakta fastlege eller legevakt for helsehjelp.

Personar i risikogruppa kontaktar fastlege for vurdering av testing.

Den felles luftvegslegevakta i Klepp har god kapasitet dei nærmaste vekene, og har i det siste testa 60-80 personar til dagen. Kommunane (Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes) samarbeider om å auka bemanninga framover, i tråd med målet som myndigheitene har sett om å etter kvart testa 5% av befolkninga i veka i kvar kommune.

Det kan ta opptil tre døgn før svaret på ein korona-test er klar.

 

Testkriterier i prioritert rekkefølge:

1. Pasient med behov for innlegging.

2. Pasient/bebuar i sjukeheim eller annan helseinstitusjon.

3. Tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid.

4. Person over 65 år, eller vaksen med underliggande sjukdom.

5. Person som er i karantene pga nærkontakt til eit bekrefta tilfelle av covid-19, eller etter reise.

6. Tilsett, barn eller elev i gjenåpna barnehage, skule eller skulefritidsordning.

7. Andre med mistenkt covid-19.

Her finn du meir informasjon om testing.

Information in English

Information in Arabic