Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Nå blir det snart lys på heile turstien rundt Frøylandsvatnet

Det fører til at stien blir stengt på denne strekninga i perioden 14. november til 4. desember.

På grunn av anleggsarbeid vil turvegen langs Frøylandsvatnet bli stengt for gjennomgang i området frå jernbaneundergangen ved Engelsvåg og ca. 400m nord-aust over mot BMX-banen på Orstad i perioden 14. november til 4. desember 2016.
Turvegen skal leggas om og det skal etablerast belysning.

I denne perioden blir det ikkje mulig å koma gjennom, og turgåarar og andre blir oppmoda til å nytta andre delar av turvegnettet i kommunen.
Når anleggsarbeidet er gjort blir stien åpna, og arbeidet med å setta opp lysmaster kan settast i gang.