Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Minnemedalje

For innsats under 2. verdskrig.

Regjeringa har i samband med markeringa av frigjeringsjubileet fått laga ein minnemedalje, ”Takk for din innsats 1939-45”. Minnemedaljen kan tildelast norske og utanlandske militære og sivile som anerkjenning for innsats under andre verdskrig. 

Kommunen er bedt om å identifisera om det finnst innbyggjarar som bør tildelast medalje etter nemnte kriteria. Innsatsen må bekreftast ved dokumentasjon, tidsvitner eller lokalkunnskap. 

Viss du kjenner til nokon som du meiner har gjort ein slik innsats at den kan kvalifisera for medalje, ber me at du snarast melder inn dette til kommunen. Me ønskjer då namn, informasjon om den aktuelle innsatsen til vedkomande, dokumentasjon eller referansar som kan stadfeste opplysningane.

Me ber om at slik melding blir gitt til Klepp kommune på telefon: 51 42 9800 eller til postmottak@klepp.kommune.no. Frist: 8. april 2015.

Ein tar sikte på at slik medalje kan delast ut under arrangement på frigjeringsdagen 8. mai (sjå under).

ARRANGEMENT - FRIGJERINGSDAGEN 8. MAI 2015

8. mai i år er det 70 år sidan frigjeringa av Noreg etter 2. verdskrig. I samband med dette arrangerer Klepp kommune, saman med kommunane Sandnes, Gjesdal, Hå og Time ei minnemarkering i Vatneleiren i Sandnes.

Det offisielle arrangementet starter kl. 11.00 i Vatneleiren med oppstilling, taler og kransnedleggelse. Vetaranar blir med dette og inviterte til lunsj kl 12.30.

Påmelding til: grete.falkanger@sandnes.kommune.no eller tlf. 51 33 56 05.

Vær vennleg å oppgi namn, telefon og adresse.