Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel - utsetting av frist

Fristen utsett frå 10. til 20. august

Fylkesmannen i Rogaland i Rogaland utsett med dette fristen for spreiing av husdyrgjødsel frå 10. til 20. august 2018. Utsettinga gjeld føretak som vil søkje tilskot frå regionalt miljøprogram til miljø-venleg spreiing av husdyrgjødsel.

Årsaka til denne utsette spreiefristen er den særs tørre vekstsesongen i år. Utkøyring av husdyrgjødsel i varmt, tørt ver med ev. vind fører til at mesteparten av nitrogenet går tapt til luft. Slike vêrforhold reknast som ugunstige forhold.

Vêrmeldinga fram til 30. juli viser jamt over for lite nedbør til at spreiing gir ønska gjødseleffekt av husdyrgjødsla. Ut frå desse klimatiske tilhøva finn vi det rett å utsette fristen fram til 20. august.

Utsettinga av fristen er gjort etter forskrift av 6. juli 2016 nr. 888 om tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket, Rogaland, § 22 punkt d.