Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Melding frå Kartverket

Grunna kommune- og regionreformene som trer i kraft frå nyttår vil matrikkel og grunnbok vere stengd i slutten av desember 2019. Dette får følger for tinglysing og kommunen si saksbehandling.

Stengingen av matrikkel og grunnbok skal sikre at 110 millioner dataendringar i matrikkel og grunnbok som følge av reformene kan produksjonssetjast utan feil og distribuerast 1. januar 2020. 

Matrikkel vil vere stengd for all oppdatering frå 13. desember 2019 til 2. januar 2020. Dette medfører at det ikkje er mogleg med eigedomsregistrering, adressering eller bygningsregistrering i denne perioden.

Grunnboka vert stengd for all oppdatering frå 27. desember 2019 til 2. januar 2020. Ingen dokumenter kan sendast til tinglysing i denne perioden.

Data i matrikkel og grunnbok er tilgjengeleg i Kartverket sine innsynstenester heile perioden, men med matrikkeldata frå før 13. desember og grunnboksdata frå før 27. desember. Dette gjeld matrikkel, Seeiendom, E-handel og grunnbok.