Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Meirope bibliotek

Tysdag 13. mars kl 9.00 blir det offisiell opning av meirope bibliotek v/ordførar Ane Mari Braut Nese.

Eit meirope bibliotek inneber at lånarane kan låsa seg inn på biblioteket før og etter ordinær opningstid, kvar dag mellom kl. 07.00 og 23.00.

Alle over 15 år kan skriva kontrakt for å få oppgradert lånekortet til meirope bibliotek. (Dei mellom 15 og 18 år må ha underskrift frå ein føresett).

Ta kontakt med dei tilsette på biblioteket, dersom du ønsker meir informasjon.