Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Medaljar til tidlegare veteranar

NVIO Rogaland saman med Forsvaret ønsker å heidra dei som ikkje har motteke medaljen for teneste i utanlandsoperasjonar.

Nå treng NVIO Rogaland di hjelp til å finna nokon av dei 800-1200 veteranar som er frå Jæren. Plakat.
Dei ønsker å kunne dela ut medaljen ut på eit arrangement den 8. mai 2016, på Frigjørings- og veterandagen.
Kriteria er: alt personell som har tenestegjort i utlandet for Forsvaret, heilt tilbake til 1947 fram til dag, i minst 6 mnd. Mest sannsynlig gjeld det dei som har tenestegjort i Tysklandsbrigaden, Gaza, Kongo, Libanon, Somalia, tidlegare Jugoslavia og Irak.