Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Maiken Stene er vinnar av utsmykningskonkurranse for Vardheia

Maiken Stene er valgt som kunstnar for kunstprosjektet i Vardheia ungdomsskule og Vardheihallen.

Maiken Stene sitt prosjekt «Landet lyt liggja» skal utsmykka bygg og utfordra ungdommen ved Vardheia ungdomsskule og Vardheihallen.


Foto: Aleksander Johan Andreassen

Det kom inn tre ulike og spennande forslag til konkurransen om utsmykking av Vardheia ungdomsskule og idrettshall. Juryen har i sin konklusjon kome fram til at Maiken Stene sitt forslag er vinnar av konkurransen.

Bildet «Det er mellom deg og utsikten», 2018 er eit eksempel på Maiken Stene sitt uttrykk i ei soloutstilling ved Akershus kunstsenter sommaren 2018.


Foto: Istvan Virag

Vardheia ungdomsskule og Vardheihallen er eit interkommunalt samarbeid mellom Time og Klepp kommune. Skulen og idrettshallen skal vera klare til bruk til skulestart hausten 2021. Då skal også kunsten vera på plass. Utsmykkinga har ei samla kostnadsramme på 900 000 kroner.