Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Lensmannen flytter!

Slutt med lensmannskontor på Kleppe.

Onsdag 10. januar var siste dag med ope lensmannskontor i Kleppe.

Det har vore lensmann i Klepp i samanheng sidan år 1551, så flyttinga markerer slutten på ein lang periode med lensmannskontor lokalisert i Kleppe.

Siste opningsdag på lensmannskontoret blei markert med kake for tilsette og gjester.

Flyttinga er del av nærpolitireformen, og dei tilsette ser fram til å yta endå betre tenestar frå det nye Jæren lensmannskontor på Bryne.