Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kulturprisen 2019 til John Th. Josefsen

Hovudutval for samfunn og kultur, Klepp kommune, avgjorde tildelinga i møte 26. november.

John Th. Josefsen er frå Stavanger, men har budd i fleire tiår i Klepp.
Josefsen er kjent som keramikar og har arbeidd med brukskunst og med skulpturar. Josefsen arbeider med skulpturar både i små og store format og i ulike materiale. Skulpturane og installasjonane hans er å finna nær sagt over heile landet. Han har hatt fleire separatutstillingar og har deltatt i kollektive utstillingar over heile landet sidan 70-talet. Lokalt er Josefsen kanskje mest kjent for «foggelen i rundkøyringa».

I statuttane for kulturpris i Klepp kommune heiter det:
”Prisen kan delast ut til einskildpersonar eller lag med tilknyting til Klepp som dei siste åra har markert seg på eitt eller fleire av desse områda:
- markert seg på ein positiv måte innan kunst, kultur og/eller organisasjonsarbeid
- har skapt positiv merksemd om Klepp utanfor kommunegrensene
- har gjort særleg og merkbar positiv innsats i nærmiljøet”

Kulturprisen vil bli delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff i Klepp rådhus, første nyttårsdag 2020.