Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kulturpris til Hallvard Nordås

Hovudutval for lokal utvikling vedtok tysdag 22. november å dela ut kulturprisen for 2017 til Hallvard Nordås.

Kulturprisvinnar 2017 Hallvard Nordås

Hallvard Nordås har gjennom ein mannsalder forska på lokalhistorie i Klepp. Han har skrive ei rekkje artiklar og andre publikasjonar om ulike emne knytt til lokalhistorie i Klepp og på Jæren og gjorde blant anna eit stort arbeid i samband med bygdebøkene for Klepp. Nordås har store kunnskapar om Klepp kommune og Klepp si historie. Ikkje minst er Nordås kjent for, og verdsett som, føredragshaldar og formidlar om lokalhistoriske emne. Arbeidet hans har betydeleg og varig kulturhistorisk verdi. Lokalhistorisk forskings- og formidlingsarbeid er å rekna som eit sentralt og viktig kulturarbeid.
Kulturprisen vil bli delt ut under ordføraren sitt nyttårstreff 1. januar 2018.