Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Koronaviruset

Oppdatert informasjon og råd om smitteførebygging per 26.03.20

Koronasmitte (covid-19) er no påvist hos fem personar i Klepp kommune.

12. mars innførte regjeringa ei rekke omgripande tiltak. Sjå full oversikt her.
24. mars vart det klart at tiltaka held fram, med nokre presiseringar. Les meir her.

 

Karantene

Personar som kjem til Noreg frå utlandet, skal opphalde seg i karantene i 14 dagar etter innreise til Noreg.

Ein person i karantene skal opphalde seg i eigen hjem eller annan eigna opphaldsstad. Personen kan berre opphalde seg utanfor heimen eller opphaldsstaden viss nærkontakt med andre personar unngås.

Dei som er i heimekarantene må sjølvsagt ikkje møta opp til avtalar på legekontor, legevakt eller helsestasjon. Ring legesenteret for å råd og utsetting av avtalar.

Les meir om karantene her.

Testing

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal ikkje kontakta helsevesenet, viss dei ikkje har behov for helsehjelp. Testing er kun for visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftvegssymptom.

Les meir om testing her.


Skule og barnehage

Alle skular og barnehagar er stengde. Meir informasjon her.

Tilbodet på helsestasjonen er sterkt redusert her finn du meir informasjon om tilbodet slik det er no.

Helsestasjonen har utarbeidd nokre råd for å ivareta familien best mogleg, og kontaktinformasjon viss du treng nokon å snakke med.

Tilsette i helse- og omsorgstenesten

Det er forbod mot all utanlandsreise for helsepersonell. Dersom ein i husstanden ventar på prøvesvar, skal du vere heime til prøvesvaret er klart. Meir informasjon her.

Arrangement

 Helsedirektoratet har vedtatt forbod mot og stenging av ulike arrangement og tilbod.

Generell Informasjon

Les meir på nettsida til Folkehelseinstituttet

eller på helsenorge.no, eventuelt regjeringen.no

Har du spørsmål om Korona-viruset kan du ringa Helsedirektoratets informasjonstelefon på 815 55 015.

Telefonnummeret til legevakta er 116 117.
Det er oppretta ein separat luftvegslegevakt i Klepp - les meir her.

 


Vanar som førebyggjer smitte

  • Papirlommetørkle framfor munn og nase skjermar andre når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etterpå. Vask så hendene.
  • Bruk olbogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle for handa.
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med middel som inneheld alkohol er eit godt alternativ når du ikkje får vaska hendene, til dømes på reise.