Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Koronavaksine

På denne sida vil me fortløpande informera om korona-vaksinering i Klepp kommune.

Det er ei avgrensa mengd vaksinedosar som kjem til Jæren i fyrste omgang, og dei eldste personane ved sjukeheimane våre er prioriterte. Deretter vil vaksinen koma puljevis nedover i alder for alle over 65 år og pasientar i risikogruppene under.
Det vil dermed gå fleire månader før siste gruppe med alle 18-64 år, vil få tilbod om vaksine.

 

Vennligst ikkje ring
Informasjon om kor og kva tid du skal få vaksine, vil verta gjort kjent når det er klart. Det vil framgå tydeleg dersom det er behov for at du sjølv bestiller time. Det er dermed ikkje nødvendig å ringa legekontoret eller legevakta for å sikra deg plass. Legekontora har oversikt over personar i risiko, og desse vil bli kontakta.

Vaksinering vil føregå ved dei fire legesentera i Klepp. Legesentera vil gje tilbod om vaksinasjon til alle sine fastlegepasientar, også dei som som er innbyggarar i andre kommunar. Det vil vera kommunikasjon mellom kommunane om dette. Innbyggarar som har fastlege i annan kommune vert fanga opp og får tilbod på lik linje som dei med fastlege i Klepp.

 

Status:
Vaksinering med fyrste dose på sjukeheimane er fullført i veke 1 og 2.

 

Informasjon til personar over 85 år:
Vaksinering vil føregå ved dei fire legesentera i Klepp. Fyrste gruppe ut er innbyggarar over 85 år. Fyrste vaksinasjon i denne gruppa skjer 13/1. Innbyggarane blir kontakta med tilbod og time for vaksinering nå det nærmar seg deira tur.

Meir informasjon frå FHI