Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Korleis har du det - eigentleg?

I desse dagar får du som innbyggar i Klepp sjansen til å setja ord på korleis du har det i ei omfattande folkehelseundersøking i Rogaland.

Svara som innbyggarane gir, vil vera eit viktig bidrag i arbeidet med å gjera kommunen til ein betre stad å bu.

Undersøkinga er open i tre veker, frå 14. september. I dette tidsrommet vil Folkehelseinstituttet senda ut invitasjonar på SMS og epost til tilfeldig valte innbyggarar.

Dersom du ikkje får SMS eller e-post, kan du delta i undersøkinga her: www.rogfk.no/fhus

Det vil bli trekt ut 10 vinnarar blant deltakarane, som vil motta eit gåvekort på 1000 kr.

Me oppfordrar særleg unge vaksne til å delta.

Les meir og delta her.