Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Kommunesamanslåinga

Kor mange medlemmer skal kommunestyret ha, og kor mange politiske utval bør Jæren kommune ha? Korleis skal overgangen frå tre kommunar på Jæren til ein ny stor kommune vera?

Dette er tema på neste møte i styringsgruppa for kommunereform på Jæren 16. desember kl 9-14 på Klepp rådhus.

Styringsgruppa, som består av ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar frå kvar av dei tre jærkommunane, har i oppgåve å utarbeida framlegg til intensjonsavtale for Jæren kommune.

Avtalen vert behandla i kommunestyra i Hå, Klepp og Time i februar 2016, og vil vera grunnlag for folkeavstemminga 25. april 2016.

Alle møte om kommunereformen på Jæren er opne for publikum og presse.

Meir informasjon om kommunereformen finn du på www.minnyekommune.no eller MinNyeKommune på facebook.