Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kommunebarometeret 2018

Klepp ligg på 30. plass på kommunebaromenteret, mot 128. plass året før.

Klepp er dermed den kommunen som er rangert nest høgast i Rogaland på kommunebarometeret for 2018. Dette er ein framgang på 98 plasseringar frå i fjor.

Kommunebarometret er laga av Kommunal Rapport. Barometret rangerer norske kommunar basert på ei rekke nøkkeltal innan 12 ulike sektorar, og har som mål å gi innbyggjarar og lokale folkevalde eit bilde av korleis kommunen blir driven.

Tabellane viser at Klepp har betre resultat enn i 2017 for 58 % av dei nøkkeltala som er brukte i rangeringa. Den største framgangen finn vi innan helse, omsorg og barnevern.

Dei tolv sektorane som blir vurderte er barnehage, barnevern, grunnskole, helse, kostnadsnivå, kultur, miljø og ressursar, pleie og omsorg, saksbehandling, sosialteneste, vann og renovasjon, og økonomi.