Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kleppmodellen: Tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering

Kleppmodellen beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til.

Du kan no lesa meir om Kleppmodellen her.

Du kan også klikka på det oransje ikonet «Eg treng råd» på toppen av nettsida til kommunen. Bruk denne nye nettsida dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp.

I modellen vert det lagt stor vekt på at dei kommunale tenestene skal samhandla med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet/ungdommen har oppstått.

Samhandlingsmodellen framhevar og at tilhøyrande kommunale tenester arbeider i lag med barnehagane og skulane, men syner samstundes at dei skal ikkje overta ansvaret barnehagane og skulane har for å drifta og koordinera hjelpa i samråd med barnet/ungdommen og foreldre.

Kleppmodellen består av ein grunnmodell med tilhøyrande verktøy.
Modellen beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire ulike nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:

Oppdaging: Her avklarar me om det er grunnlag for bekymringa, i lag med barnet det gjeld og foreldre
Tidleg innsats: Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste
Oppfølging: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester
Tilpassa oppfølging: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

Modellen syner "oppskrifta" på korleis me skal gå fram i konkrete tilfelle der me er bekymra for barn/ungdom/familiar. Den skildrar strukturane og prosessane me skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.