Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Klart for trygg oppstart av småskulen

Måndag 27.april kan me ønska elevane på 1.-4. trinn hjarteleg velkomne tilbake på skulane!

Her blir dei møtt av godt førebudd personale som gler seg til å sjå alle igjen.

- Skulane opnar no gradvis. Elevar og tilsette har fått god informasjon, kunnskap og rettleiing om kva omsyn det er viktig å ta for å ha godt smittevern i skulen. Det er trygt å sende borna på skulen og det er trygt for tilsette å gå på jobb, seier Jan Harald Forsmo, skulesjef i Klepp kommune.

På skulane vil det vera spesielt fokus på å:

· vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask

· ha godt reinhald

· vaska utstyr jevnleg, til dømes nettbrett

· være ekstra mykje ute med elevane, i vanlege skuletimer og på SFO

· ha undervisning og samlingar i mindre grupper

· halde god avstand til kvarandre

- Me gler oss til å ta imot elevane,» seier skulesjef i Hå, Trond Egil Sunde.
- Skuledagen vil bli noko annleis, men alle som jobbar ved skulane skal følgja med på at elevane har det bra.

Skulane samarbeider tett med kommuneoverlegane i samband med gjenopninga.

- Nylege undersøkingar i Norden viser at barn vert smitta i betydeleg mindre grad enn vaksne. Island har testa eit stort utval av befolkninga, og ingen tilfelle blant barn 0-9 år vart påviste, seier Gerd Signy Solberg Omland, kommuneoverlege i Hå.
- På verdsbasis er det ingen rapporterte tilfelle av smitteutbrot blant barn i barnehagar eller skular, heller ikkje i dei landa som har hatt barnehagar og skular opne. Skulane er gode arenaer for å gi ungane kunnskap og hjelp til å fylgja tilrådinger for hygiene. Det er viktig at foreldra hjelper skulane i å fylgja opp dei gode tiltaka som no føreligg.

- Den nasjonale rettleiinga er god og konkret, seier Pamela Sudmann, skulesjef i Time. - Det vert mykje uteskule, og skulane har lagt gode planar. Elevane kjem til å få eit godt tilbod, sjølv om dagane ikkje vert heilt slik som dei er til vanleg. 

- Skuleungane vil bli tekne imot utandørs, og me ber om at foreldre ikkje blir med inn i skulebygget. Born eller føresette som kjenner seg sjuke skal ikkje komma til skulen, seier Hilde Siira, skulesjef i Gjesdal.

Meir informasjon om oppstarten kjem direkte frå kvar enkelt skule.