Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Jærordførarane i Oslo med intensjonsavtalen for Jæren kommune

- Ein ny Jæren kommune vil bli ein framtidsretta, stor og viktig jordbrukskommune, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner då ordførarane i Hå, Klepp og Time onsdag presenterte intensjonsavtalen for Jæren kommune på statsråden sitt kontor.

Statsråden hadde invitert ordførarane til Oslo for å høyra meir om «nabopraten» på Jæren og innhaldet i intensjonsavtalen for Jæren kommune. Han var særleg opptatt av at dagens kommunar ikkje er eit framtidsretta alternativ med dei endringane som kjem i velferdstenester og kommunale oppgåver framover.

På spørsmål frå ordførarane frå Jæren om korleis reformstøtta og eingongsstøtta til kommunesamanslåing er rekna ut, svarte statsråden at støtta er basert på faktatal og erfaringar frå tilsvarande prosessar.

Jærkommunane starta arbeidet med kommunereformen med ein analyse som samanlikna vilkåra for tenester, lokaldemokrati og samfunnsutvikling i dagens kommunar og i større, samanslåtte kommunar i regionen. Arbeidet vart gjort saman med Gjesdal, Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger og analysen går fram av rapporten som vart lagt fram for kommunestyra i alle dei åtte kommunane.

Hausten 2016 gjorde dei tre Jærkommunane Hå, Klepp og Time vedtak om å gjennomføra «nabopraten» om ein ny Jæren kommune. Ei styringsgruppe av ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar frå kvar kommune har vurdert tenester, lokaldemokrati, samfunnsrolle, økonomi og forvalting, og kome fram til Intensjonsavtale for Jæren kommune. Avtalen vart signert av dei tre ordførarane Jonas Skrettingland, Ane Mari Braut Nese og Reinert Kverneland 21. januar.

Intensjonsavtalen om Jæren kommune skal danna grunnlag for folkerøystinga om Jæren kommune den 25. april 2016.
-Elin Wetås de Jara