Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

IVAR tek i bruk ny vasskjelde

Mogleg misfarging av drikkevatn

På grunn av lite nedbør, mndre vatn i vasskjeldene og høgt forbruk av vatn, tek IVAR nå i bruk reservevasskjelda Hagavatn.

Sjølv om det har kome litt nedbør er vi framleis opptekne av å nytta vassressursane best mogleg og redusera nedtappinga av Romsvatn og Storevatn. Difor tek IVAR nå i bruk reservevasskjelda Hagavatn som vil forsyna kommunane Hå, Time og Klepp med drikkevatn.

I samband med innkoplinga av Hagavatn kan abonnentane i ein forbigåande periode oppleva misfarging av vatnet. Vatnet er likevel trygt å drikka. Innkoplinga skjer torsdag 2. august.

Vi minner om at det generelle vatningsforbodet framleis gjeld. Det vil bli annonserrt når vatningsforbodet kan opphevast.