Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Kommunereformen

Dokumentet om korleis ein eventuell Jæren kommune skal styrast og organiserast er nesten klart!

Dette er resultatet etter møtet til styringsgruppa for kommunereformen på Klepp rådhus onsdag 16. desember. Der var det god stemning og mange friske innspel. Intensjonsavtalen som styringsgruppa har jobba fram, skal vera heilt klar den 21. januar. 

Intensjonsavtalen
Styringsgruppa gjekk gjennom Intensjonsavtalen punkt for punkt.

Namn og symbol
Jærske symbol skal nyttast men diskusjonen om Jæren kommune skal vera ein språknøytral kommune eller ein nynorsk kommune må det nye kommunestyret ta stilling til.

Visjon, mål og verdiar
Ein visjon må eigast av mange, ikkje bli diktert frå toppen. Gule lappar blei brukt for å setta ord på styringsgruppa sine arbeidsmål for ein ny kommune. Det som gjekk igjen var mål om å vera best på vekst og vern, det frivillige og kultur, enklare og betre regulering, å vera framtidsretta, ha økonomisk berekraft og gode tenester, dei mest attraktive arbeidsplassane i Rogaland, landets største landbrukskommune, og den beste kommunen å leva og arbeida i.

Samfunnsutvikling, tenester og økonomi
Dei tre kommunane vil få eit areal på 556 km2. Av dette er 268 km2 landbruk. Til bustadformål er det i gjeldande kommuneplanar sett av 4030 daa og til næringsformål er det sett av 1796 daa. Ved å sjå heile Jæren samla kan ein finna meir tenlege løysningar for utbygging og transport enn om ein ser kvar einskild kommune for seg.
Bryne blir kommunesenteret. Innbyggarane skal som hovudmål få tilbod om dei tenestene dei treng i sitt nærområde og det vil være naturleg å sjå nærare på krinssgrensene for skular som ligg nær dei gamle kommunegrensene. Økonomien i dei tre kommunane er ikkje veldig ulik.

Politisk organisering:
Kommunestyret i ein ny Jæren kommune skal ha 49 medlemmer, 3 hovudutval med 13 medlemmer kvar, i tillegg til formannskap og kontrollutval. Dei tre hovudutvala blir; utval for helse og velferd, utval for kultur og oppvekst, og utval for nærings- og samfunnsutvikling. Styringsgruppa la vekt på at det er viktig å styrka kulturen. Eit forslag frå rådmennene var å ha eit 4. utval for kultur, men styringsgruppa gjekk tilslutt for forslaget om 3 utval. Under andre råd og utval kjem eit råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Styringsgruppa ønska at dette også skulle ha med representantar for dei unge, som Innbyggarrådet i Hå i dag og ein vil ha Barn og unge sitt kommunestyre. Formannskapet vil fungera som Klagenemnd.

Ny kommune frå 01.01.2019
Styringsgruppa går for at ein eventuell Jæren kommune kan bli realitet frå 01.01.2019. Då vil det bli eit kommunestyre valt av dei tre kommunestyra inntil det ordinære kommunestyrevalet hausten 2019.

Tida fram mot folkeavstemminga den 25. april
13. januar blir intensjonsavtalen lagt fram i eit felles møte for dei tre formannskapa der også gruppeleiarane for parti som ikkje er representerte i formannskapa blir med.
Dei tre kommunestyra tek stilling til intensjonsavtalen på sine møter tidleg på nyåret.
Politikarane og rådmennene blir engasjerte til å vera med i debattar på fleire folkemøte rundt om i kommunane og brosjyre skal sendast ut til alle husstandar.

styringsgruppa