Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Influensavaksine

Folkehelseinstituttet tilrår alle innbyggjarar over 65 år å ta influensavaksine.

Folkehelseinstituttet tilrår alle innbyggjarar over 65 år å ta influensavaksine. Andre som har auka risiko for alvorleg sjukdom og komplikasjonar av influensasjukdom bør også ta influensavaksine. Dette gjeld born og vaksne med kronisk sjukdom, som til dømes: Lungesjukdom, hjartesjukdom, nedsett immunforsvar, nevrologisk sjukdom, diabetes, alvorleg overvekt/fedme

Innbyggjarar i risikogruppene kan få sett influensavaksine hos fastlegen.

Alt helsepersonell som er i kontakt med personar i risikogruppene bør ta influensavaksine for ikkje å smitte pasientane sine. Helsepersonell i Klepp kommune og bebuarar på sjukeheim får influensavaksine frå kommunen.