Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Idedugnad

Det er venta omlag 150 asylsøkarar til Klepp i løpet av våren 2016. Vil du vera med å hjelpa?

Enkeltpersonar, grupper, lag og foreiningar som kan tenkja seg å gjera ein eller annan form for innsats blir med dette inviterte til idedugnad:

Tysdag 12. januar kl 18.00 i Klepp rådhus, kommunestyresalen.

  • Har du gode idear?
  • Vil du høyra andre sine idear?
  • Har du tid og interesse for å delta/ bidra?

Kom og høyr! Målet med kvelden er å få fram behov, muligheiter og interesser, og å finna ut korleis me saman kan få til god frivillig innsats og aktivitet. Her er mange muligheiter.

Samlinga er åpen for alle interesserte.

Påmelding til Klepp frivilligsentral 51 42 96 40 eller til Kulturkontoret: 51 42 98 60 / e-post: ulf.ludvigsen@klepp.kommune.no

Arr: Klepp kommune, kulturavdelinga, og Klepp frivilligsentral.