Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Heider til folkevalt

Arild Børge Skjæveland blei heidra med KS sin medalje for folkevalte fredag 31. januar, då kommunestyret var samla til middag i samband med folkevaltopplæringa denne helga.

Skjæveland fekk KS sitt heidersteik for sin mangeårige innsats og engasjement som folkevalt i Klepp kommune. Han har utført ei fortjenstfull og samfunnsgagnleg verksemd av særleg betydning for kommunen og Klepp samfunnet.

Han har i perioden hatt fleire verv innan styrer, råd og utval og han har i desse verva bidrege aktivt og profesjonelt til det beste for Klepp og innbyggjarane i kommunen.
ks medalje

Han har hatt følgjande verv:

  • 5 periodar + 1 periode som 1. vara i kommunestyret.
  • 3 periodar + 1 periode  som leiar for hovudutval for lokal utvikling/samfunn og kultur + nestleiar i hovudutval teknisk.
  • 3 periodar som leiar for skatteutval.
  • 1 + 1 periode som medlem + leiar barnehagenemnd.
  • 2 periodar som leiar for hovudutval for opplæring.
  • 2 periodar som gruppeleiar.
  • 1 + 1 periode som medlem + leiar for kontrollutvalet.
  • 1 periode  som leiar for særskild klagenemd.

I vedtektene for KS hedersmedalje er kravet til folkevalgte minimum 24 år.