Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Har du lyst å bli treningskontakt?

Er du interessert i fysisk aktivitet, friluftsliv og arbeid med menneske?

Då kan du bidra i arbeidet med regelmessig fysisk aktivitet for menneske med psykiske lidingar og rusmiddelproblem.

Alle treningskontaktar må delta på kurs før dei kan starte i oppdrag. Kursdatoar (to obligatoriske helger) er 25.-26. januar og 8.-9. februar 2020. Målet med kurset er å utdanna treningskontaktar som saman med brukaren kan skapa ei positiv oppleving rundt fysisk aktivitet, og å kunna planlegga aktivitetar og turar ut frå den enkelte brukars behov og føresetnadar.

Deltakarar må vere bosette i Klepp, Time, Gjesdal eller Hå.
Søknadsfrist: 18. desember 2019.

Kan dette vere noko for deg? Send ein mail med navn, adresse, telefon, fødselsdato og skriv kort om kvifor du ønskjer å bli treningskontakt,så vil du bli kontakta for å avtale intervju.

  • Stine M.P.Tellenes // 904 74 975 // stine.m.p.tellenes@klepp.kommune.no
  • Oddbjørg Heskje // 488 65 590 // oddbjorg.heskje@klepp.kommune.no