Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Gravearbeid i Verdalen

Verdalsvegen blir stengt i haust

Klepp kommune skal i løpet av hausten og vinteren utføra fleire graveprosjekt i Verdalsvegen. Det skal leggjast ny vassleidning frå Dalsvegen til krysset ved Boreringen i samband med bygging av ny skule. Det pågår nå etablering av forstøtningsmur frå Solgrillen og nordover, og deretter skal det skiftast vass- og avløpsleidningar i Verdalsvegen frå krysset med Sporafjellsvegen og ned til Tverrvegen.

Dermed blir det graving i Verdalsvegen heile hausten, og vegen vil vera stengt frå 30.07 og fram til midten av desember i første omgang. Rutebussen køyrer til same tider, men stopper ved busshaldeplassane langs Solavegen så lenge Verdalsvegen er stengt. Vi er leie for dei ulempene dette fører med seg. Dei grunneigarane som blir direkte berørt av gravinga vil bli kontakta særskilt.