Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Gratulerer til første kvinne i Rogaland med fagbrev som byggdriftar

Vaktmeister på rådhuset i Klepp, Tone Carlsen, er første kvinne i Rogaland som har tatt fagbrev som byggdriftar!

Onsdag kom Fagforbundet på besøk med kake og gratulasjonar, då vaktmeistrane i kommunen var samla til lunsj.

Frå 2014 til i dag har 149 menn og 5 kvinner tatt fagbrev som byggdriftar (vaktmeister).

Fagforbundet har vore ein sterk pådrivar for å få på plass byggdriftarfaget som eige lærefag i fag- og yrkesopplæringa.

Har ein 5 års relevant praksis i eit fag kan ein søka om å få ta fagbrev ved å gå på kveldskurs, samtidig som ein kan jobbe 100%. Det gjeld bl.a. for dei som arbeider innan barnehage, reinhald, helsevesenet, osv.

Ein kan søka økonomisk støtte både frå Fylkesmannen og fagforeiningane.

Omlag 15 personar frå Klepp tok fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarar i 2016, som praksiskandidatar. Fleire av dei deltok på ei kursrekke som kommunane Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sola samarbeider om.

Dei 4 siste åra har desse kommunane samarbeidd om dette kursopplegget og totalt 110 personar har delteke. I år er 50 personar med og 10 av dei er frå Klepp.

Her kan du lesa meir om byggdriftarfaget.

Pr.01.10.2016 er det totalt 86 løpande lærekontraktar i byggdriftarfaget, og av desse inngår 68 i kommunesektoren.

Tone med bukett Tone og kaka
Foto: Randi Håland Vikanes