Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Gratis energiportal!

Ønskjer du ein gratis objektiv energianalyse av din bustad? Energiberekninga er enkel å bruke

Mange oppfattar forvaltning av bustad som komplisert. Energiportalen er ein naturleg stad å starta, enten for deg som planlegg oppussing, ønskjer ei lågare straumrekning eller å auka komforten - og samtidig bidra til eit betre miljø.

Her vil du raskt få svar på kva for energitiltak som løner seg mest i nettopp din bustad! Portalen fungerer som din lille hjelper og gjer det enklere for deg å finne det riktige tiltaket når valet står mellom store og små energitiltak

-Energirådgiver Bjørge Sandberg-Kristoffersen

Gå inn på energiportalen

Legg inn adressen din og definer storleiken på bustaden. Så krysser du av for kva for oppvarmingskjelder som bir nytta i bustaden, kva standard bustaden har og om du har gjort nokre oppgraderingar.

Fyll inn informasjon som antal personar i hushaldninga og kor ofte/kor lenge kvar person dusjer og antal karbad per uke.

Du omtaler og innetemperaturen i opphaldsrom og kor stor del av bustaden som er oppvarma, kva type belysning du har og teknisk utstyr.

Etter at informasjonen er fylt inn får du oppgitt dagens forbruk for husstanden din. Dette kan du samanlikne med det reelle forbruket ditt. Velg så ønska tiltak for bustaden din og få eit anslag for kor mykje energi og pengar du kan spara per år.

Vidare vil du få opp ei oversikt over lokale aktørar som kan utføra arbeidet med varmepumpe, vegg, gulv eller vindu. Du kan også kikke på analyser av bustaden sitt energibruk og årleg varmetapsbudsjett før og etter energitiltak. I tillegg kan du sjå korleis innsparingane fordeler seg over året eller på ulike område som oppvarming eller belysning.

Meir informasjon om Energiportalen