Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Frivilligprisen til Gudny Wiig

Gudny Wiig er tildelt Klepp kommune sin frivilligpris for 2020.

Det er styret for Klepp frivilligsentral som er priskomite og som har avgjort tildelinga.

Gudny Wiig har på deltatt i frivillig arbeid gjennom mange år. Ho har blant anna vore:

- instruktør i barneidretten i Orre idrettslag over ein 20 årsperiode
- instruktør i turnen, Orre idrettslag i fleire år
- aktiv i drift av trimgrupper for både damer og menn i Orre idrettslag
- styremedlem for Orre bygdeungdomslag
- styremedlem i Rogaland idrettskrets i 4 år.
- leiar og styremedlem i Klepp sanitetsforeining i fleire periodar
- aktiv deltakar i arbeidet med jubileumsbok for saniteten
- aktiv i bygdekvinnelaget og har her blant anna drive trim-aktivitet og med matsal og
lappesteiking på fullmånekonsertar
- oppstartar og organisator for lyttevenn-ordning ved Orre skule, gjennom Klepp
frivilligsentral,
- aktiv i dugnadsarbeid for Orremessa gjennom 50 år
- aktivt med i dugnadsgjengar med ansvar for oppvarting på Orre samfunnshus

Føremålet med frivilligprisen er å synleggjera frivillig arbeid i Klepp kommune og å inspirera til frivillig innsats.

I statuttane for Klepp kommune sin frivilligpris heiter det at:

«Frivilligprisen kan delast ut til ein person, ei lokal foreining eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig, ubetalt innsats, engasjement, initiativ og pågangsmot til beste for enkeltpersonar, grupper eller samfunnet.»

Prisen blir delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff i rådhuset, 1. nyttårsdag 2021.