Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Frivilligprisen 2019

Ny frist for forslag: 15. november

Kjenner du nokon i Klepp som har gjort ein særleg frivillig innsats? Ein enkeltperson, ei gruppe, ei foreining? 

Send framlegg om kandidatar til frivilligprisen til kommunen innan 15.11.

Her er utdrag frå retningslinjne for Klepp kommune sin frivilligpris::

Frivilligprisen kan delast ut kvart år eller når styret for Klepp frivilligsentral gjer vedtak om slik tildeling.

Føremålet med prisen er å synleggjera frivillig arbeid i Klepp kommune og åinspirera til frivillig innsats.

Frivilligprisen kan delast ut til ein person, ei lokal foreining eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig, ubetalt innsats, engasjement, initiativ og pågangsmot til beste for enkeltpersonar, grupper eller samfunnet.

Alle innbyggjarar i Klepp kan koma med framlegg om kandidatar til frivilligprisen. Framlegg om kandidatur skal setjast fram skriftleg og grunngjevast.

Styret for Klepp frivilligsentral avgjer tildeling av frivilligpris. Frivilligprisen blir delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff, 1 januar.

 

Forslag kan sendast til: postmottak@klepp.kommune.no