Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Frå rådmann til kommunedirektør

Kommunestyret vedtok 12. oktober 2020 at øvste leiar for administrasjonen i Klepp kommune frå nå av skal kallast kommunedirektør.

Avgjerda kom etter eit forslag frå Sosialistisk Venstreparti.

Tittelendringa frå rådmann til kommunedirektør har ingen konsekvensar anna enn at namnet på denne rolla er ny. Rolla har dei same oppgåvene som før, og den same lønna.

Den nye kommunelova bruker ikkje tittelen rådmann, men kommunedirektør, og fleire andre kommunar har derfor allereie endra praksis slik at ein bruker same omgrep som i lovverket.

Ingen andre titlar i kommuneleiinga er endra.