Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Foreslår legevakt på Jæren døgnet rundt

Dersom politikarane går inn for forslaget, vil innbyggarane på Jæren få tilbod om legevakt på Kleppe og Bekkeheien døgnet rundt.

Heilt i tråd med bestillinga frå kommunestyrene i Klepp og Hå i fjor haust.

Blir det legevakt for både Time, Klepp og Hå?
Det er det opp til politikarane å avgjera. Saka som blir lagt fram inneber ei felles legevakt for Klepp og Hå kommune, og at Time kommune blir invitert med.

Korleis kan fordelinga bli mellom Kleppetunet og Bekkeheien?

• Innbyggarane i Klepp og Time nyttar Kleppetunet legevakt både dag- og kveldstid sju dagar i veka, og reiser nattestid til Bekkeheien legevakt.

• Innbyggarane i Hå nyttar Bekkeheien legevakt både kvelds- og nattestid sju dagar i veka. På dagtid måndag til fredag er det Kleppetunet legevakt som skal nyttast, men i hovudsak er det fastlegen som skal kontaktast – noko som gjeld for alle innbyggarane på Jæren.

Fornøgde kommunedirektørar
- Dette er ei sak som angår 60.000 innbyggarar på Jæren. Det er gledeleg å endeleg få legga fram dette forslaget til vedtak for politikarane i Klepp og Hå, og samstundes legga fram forslag til vedtak om at dei to kommunestyrene inviterer Time med i ei felles legevakt på Jæren, seier kommunedirektør i Hå, Anne Berit Berge Ims.

Dette er kommunedirektør i Klepp, Torild Lende Fjermestad heilt enig i.

- Forslaget til legevakt på Jæren er robust både økonomisk og organisatorisk. Det har vore ein grundig prosess med mange involverte i begge organisasjonane, seier kommunedirektør, Torild Lende Fjermestad, i Klepp.


Kven har utarbeidd forslaget?
Kommunedirektørane i Klepp og Hå har saman med eit breitt utval medarbeidarar og fagfolk samarbeidd sidan oktober i fjor.

• Styringsgruppa: Kommunedirektørar og kommunalsjefer i Klepp og Hå.
• Arbeidsgruppa: Kommunalsjefar, kommuneoverlegar, avdelingsleiarar på legevakta, økonomikonsulentar frå kommunane Hå og Klepp, tillitsvald frå legeforeininga (Klepp), tillitsvald Norsk sjukepleiarforbund (Hå), rådgivar (Klepp) og hovudverneombod (Klepp)


Når skal saka behandlast politisk?

• Utval for helse og sosial i Hå kommune den 13. april
• Utval for helse og velferd i Klepp kommune den 21. april
• Endeleg behandling skjer i kommunestyrene i Hå og Klepp, 6. mai og 10. mai.
Saka skal også innom innbyggarråd, seniorråd og formannskapa

Les saksdokumenta her. (Under Hovudutval for helse og velferd 21. april)