Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Foreløpig rekneskap for 2017

Netto driftsresultat vart 32 millionar, mot 60 millionar i 2016. Ingen etatar hadde vesentleg meirforbruk og alle nøkkeltala vart betre enn målsettingane.

  • Netto driftsresultat halvert til 32,1 millionar frå 60,5 millionar i 2016.
  • Skatteinntekta vart 526,4 mot budsjettert 540 millionar og ei nedgang på 1,44 % frå 2016.  
  • Ingen etatar/tenesteområde eller investeringar hadde vesentleg meirforbruk.
  • Alle nøkkeltala vart betre enn målsettingane.  
  • Udisponert overskot/mindreforbruk vart 16,5 millionar, mot 17,7 millionar i 2016.

Drifta

Netto driftsresultat vart 32 millionar, mot 60 millionar i 2016. Det vart budsjettert med 6 millionar i vedteken budsjett og -1 million i siste revidert budsjett. Resultatgraden vart 2,3 %, mot ei målsetting på 1,5 % og 4,5 % i 2016.

Årsaka til nedgangen i driftsresultatet er svikt i skatteinntekter og lågare overskot i avdelingane.

Skatteinntekta vart 526 millionar, mot 536 millionar i 2016, ei nedgang på 1,44 %. Vedteke budsjett var 540 millionar og sist revidert budsjett 521 millionar.

2017 var prega av svak skatteutvikling gjennom det meste av året med ei gradvis betring i slutten av året. Skatteinntekta gjennom året spegla i stor grad utviklinga i arbeidsmarknaden i regionen.

God skatteinngang for landet gav auka skatteutjamning og rammetilskotet vart difor 19 millionar høgare enn vedteke budsjett. Regjeringa la i statsbudsjettet til grunn ein skattevekst på 1,5 % for kommunane samla mens veksten vart på 4,52 %.
Klepp enda i 2017 på 92,8 % av landsgjennomsnittet i skatt mot 105 % i 2014.

Alle etatar og tenesteområde brukte mindre enn budsjettert. Udisponerte middel er i samsvar med økonomireglementet avsett til hovudutvala sin disposisjon. Budsjetta og avvika var slik:

 

Netto rekneskap

Mindreforbruk samanlikna med budsjett

Avvik i %

Sentraladministrasjon

47.886

364

0,70 %

Skule og barnehage

433.896

10.732

2,47 %

Helse og velferd

332.196

15

0,00 %

Lokal utvikling

88.410

1.981

2,24 %

T O T A L T

902.388

13.092

1,45 %

Udisponert overskot/mindreforbruk vart 16,6 millionar mot 17,9 millionar i 2016.

Investeringar

Det blei investert for 58 millionar i 2017 mot budsjettert 184 millionar, og 153 millionar i 2016. Investeringane vart finansiert med 42 millionar i bruk av lån, 6 millionar i tilskot, 7 millionar i kompensasjon frå meirverdiavgift, samt 8 millionar overført frå drifta.

Eigedelar og gjeld

Anleggsverdiane for Klepp kommune er 3,2 milliardar (3,1 i 2016). Omløpsmidla 511 millionar (414), kortsiktig gjeld 178 millionar (166), og lånegjelda 950 millionar (922). Eigenkapitalen 1,1 milliard (1,07). Av den er 209 millionar (183) disponible fond og udisponert overskot.

Nøkkeltal

Nøkkeltal

Mål

2017

2016

Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter

1,5 %

2,3 %

4,5 %

Lånefinansiering i % av finansieringsbehov

70 %

46 %

56 %

Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter

60 %

53 %

51 %

Disposisjonsfond i % av brutto driftsinntekter

5 %

14 %

12 %