Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Foreløpig rekneskap 2019

Foreløpig rekneskap for 2019 viser betre resultat enn mål og budsjett. Det gjer kommunen betre grunnlag til å møta strammare økonomi i åra som kjem.

Høgare skatteinntekter, auka rammetilskot, høgare renteinntekter, lågare renteutgifter, og lågare pensjonsutgifter gav eit netto driftsresultat på 57 millionar og eit «udisponert overskot» på 31 millionar.

Skatteinntekter
Skatteinntekta vart 568 millionar mot budsjettert 552 millionar. Auka vart 4,2 % frå 2018, og 4,3 % høgare enn stortinget anslo.
Skatteutviklinga i Klepp er svakare enn landet og sidan 2014 har skatteinntekta per innbyggjar i Klepp blitt redusert frå 105 % i 2014 til 92 % av landsgjennomsnitt.
God skatteinngang for landet gav 4 millionar meir i rammetilskot.

Tenesteområda
Budsjettdisiplinen har vore god i 2019. Samla gjekk avdelingane i balanse etter ei tilleggsløyving på 8 millionar til helse og velferd.
Tenesteområde barn og unge, og Tenesteområde helse og velferd brukte kvar 1,5 millionar meir enn budsjettert i 2019.
Sentraladministrasjonen og Tenesteområdet samfunn og kultur brukte samla 2,9 millionar mindre enn budsjettert.

Investeringar
Det blei investert for 253 millionar i 2019 mot budsjettert 271 millionar. Investeringane vart finansiert med 138 millionar i bruk av lån, 64 millionar overført frå drifta, 76 millionar i tilskot og refusjonar, og 6 millionar i sal av eigendelar.
Det vart lånt ut 36 millionar i startlån.

Eigedelar og gjeld
Samla balanseførte verdiar vart på 4,2 milliardar. Av dette var anleggsmidla på 3,7 milliardar, og omløpsmidla 524 millionar. Lånegjelda vart rett over 1 milliard for første gong. Eigenkapitalen vart 1,4 milliard, av det 194 millionar disponible fond og overskot.

Nøkkeltal Mål 2019
Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter 1,5 % 3,9 %
Lånefinansiering i % av finansieringsbehov 70 % 57 %
Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter 60 % 52 %
Disposisjonsfond i % av brutto driftsinntekter 5 % 10,7 %

Prosessen vidare
Ferdig revidert rekneskap og årsmelding vert lagt fram 31. mars og vert behandla i formannskapet 27. april og i kommunestyret 11. mai.