Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Foreløpig rekneskap 2014

Drifta av Klepp kommune gjekk i balanse i 2014, og alle etatane gjekk med overskot.  Udisponert mindreforbruk vart 0,2 millionar, og netto driftsresultat 17 millionar.

Samla driftsinntekter vart på 1.190 millionar.  Skatteinntektane vart 490,8 millonar i Klepp, 10,5 millionar meir enn budsjettert.  Rammetilskotet inkl. nasjonal skatteutjaming vart på 377 millionar, omlag 12 millionar lågare enn budsjettert som følgje av skattesvikt i kommunane samla. Netto skattesvikt vart 2 millionar for Klepp kommune.

Samla driftsutgiftar vart på 1.183 millionar.  Av dette var 791 millionar lønsutgiftar, 341 millionar diverse driftsutgiftar, og 51 millionar avskrivingar.

Renter, finansplasseringar og utbytte gav inntektar på 39 millonar, renteutgiftane vart 26 millionar og det vart betalt 54 millionar i avdrag på lånegjelda.

Netto driftsresultat (inntekter - utgifter) vart 17 millionar.  Netto vart det avsett til fond 17 millionar og udisponert mindreforbruk (budsjettavvik) vart 0,2 millionar.

Rekneskapet viser at alle etatane gjekk med overskot, midlar som vert nytta i drifta av tenestane dei komande åra.

Det vart investert for 190 millionar i 2014. Dei største investeringane er ny skule på Tu og rehabiltiering av Engelsvold skule.  Det var brukt 150 millionar i lån til finansiering av dette.

Kommunen sine samla verdier var 3,2 milliardar ved årskiftet, av desse er 1 mrd. i pensjonsmidlar, 1,8 millardar eigedommar, bygningar, og andre anlegg.  Omløpsmidla var 350 millionar.  Kommunens forpliktingar er 1,3 milliardar i pensjon, 900 millionar i lånegjeld.  Eigenkapitalen var 855 millionar.  Av dette er 115 millionar disponible fond.

Formelt skal rekneskap og årsmelding behandlast av kontrollutval og formannskap i april, og godkjennast av kommunestyret i mai.