Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Foreldrekurs - Årets siste temakveld

Parforhold, foreldreskap og barns tilknytning  - Kva veit vi om samanhengen?

Etat for skule og barnehage og Oppvekstleiar vil med dette invitere til dette skuleårets andre temakveld for foreldre i Klepp. Me har i år valt å fokusere spesielt på tilknytning som tema, da det er eit sentralt satsningsområde i Klepp. Tema for denne kvelden er;

Parforhold, foreldreskap og barns tilknytning - Kva veit vi om samanhengen?

Kursholder er Egil Rise, som driv eigen praksis i Sandnes. Han er sosionom, diakon og familieterapeut, og jobber til dagleg som parterapeut. Han har spesialisert seg på den forskningsbaserte metodikken til John M. Gottman frå USA, som er ein av verdas fremste forskarar på parforhold-  og kva som gjer at par held saman eller skiljar lag.

Tillit er ein bærebjelke i eitkvart parforhold. Han vil fokusere på kva som kjennetegner dei gode parforholda; kva slags vaner som kjennetegner at par held saman livet ut, og kva kan me læra av deiras vaner. Han vil videre sei noko om korleis vaner foreldrene har, har følger for korleis dei skaper tillit og knytter barna til seg.

Var du ein av dei som fornøgd gjekk heim etter fjorårets temakvelder, vil du heller ikkje gå skuffa heim denne gang. Me kan love ein særs engasjerande foredragshalder med brei erfaring og et bodskap som treff alle foreldre. 

Tid: Torsdag 16.4.2015  kl.19-21

Stad: Kommunestyresalen på rådhuset