Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Stortingsvalet 2017

Om du ikkje kan stemma på valdagen kan du førehandsstemma på rådhuset fram til fredag 8. september kl 15.00. Valdagen er måndag 11. september.

Stortings- og sametingsval 2017

Måndag 11. september er valdag for stortings- og sametingsvalet.
I Klepp kommune vil vallokalet på rådhuset også ha ope sundag 10. september.

Førehandsstemming

Ordinær førehandsstemming startar 10. august og varer til og med fredag 8. september kl 15.00

Du kan førehandsstemma i den kommunen i landet du sjølv ønskjer. Stemma blir sendt til din kommune med posten. Stemma må vera motteken og registrert i heimkommunen din innan kl. 17.00 dagen etter valet, 12.september 2017.

Førehandstemming på Klepp rådhus, biblioteket

Hugs valkort og legitimasjon når du skal stemma!

10. til 18. august

mån., tys., tors. og fre

kl 9.00 - 15.00

 

onsdag

kl 9.00 - 18.00

 

 

 

21.august - 8. september

måndag til torsdag

kl 9.00 - 18.00

 

fredag

kl 9.00 - 15.00

 

laurdag

kl 10.00 - 14.00

Førehandsstemminga i Klepp blir avslutta fredag 8. september 2017 kl 15.00!

Førehandsstemming på Jærhagen

torsdag 31. august kl 16.00 – 20.00  
laurdag  2. september kl 11.00 – 15.00  
torsdag  7. september kl 16.00 – 20.00  

Førehandsstemming ved institusjonar

Kleppheimen

Måndag 4. september

Kl 10.00 - 10.45 

Alderspensjonatet

Måndag 4. september

Kl 11.00 - 11.30 

Sirkelen

Tysdag  5. september

Kl 10.00 - 11.00

Kleppetunet

Tysdag  5. september

Kl 11.15 - 11.45

Ambulerande stemming

Personar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan koma seg til eit førehandsstemmelokale, eller til vallokalet på valdagen 11. september, kan søka om å få stemma heime. Valstyret må ha motteke melding om dette seinast 4. sept. 2017.

Hugs å ta med valkort og legitimasjon når du skal førehandsstemma.

Kven kan stemma

For å kunna stemma ved Stortings- og sametingsvalet 11. september må du vera ført opp i manntalet.

Du har stemmerett ved valet dersom du er norsk statsborgar og fyller 18 år innan utgangen av valåret og er, eller har vore folkeregisterført som busett i Noreg.

Stemmerett ved sametingsvalet har alle som står innført i samemanntalet, jf sameloven § 2-5.

Manntalet for Klepp kommune er lagt ut til offentleg ettersyn fram til valdagen i Klepp rådhus, i ekspedisjonen og på biblioteket.

Dersom du nyleg har flytta, og melding om flytting ikkje er motteke i tilflyttingskommunen sitt folkeregister innan 30. juni 2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

Du kan då velja om du vil stemme på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsstemme. Står du ikkje oppført i manntalet, eller det er andre feil i listene, kan du senda skriftleg klage med grunngjeving til valstyret snarast mogleg.

Valstyret vil behandla klager og retta eventuelle feil i manntalet så lenge det er praktisk mogleg fram mot valdagen.

Spørsmål om manntalet kan rettast til: Klepp kommune: tlf 51 42 98 00 /51 42 98 64

 

Meir info finn de på www.valg.no

Denne sida er under kontinuerleg oppdatering.