Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Førarlaus buss til Klepp 24

Ein førarlaus shuttelbuss blei testa på Klepp i helga.

Klepp kommune testar ut ein førarlaus buss i løpet av Klepp24 helga. Det er første gong i Norge at ein slik buss blir testa utanfor bane.

Kom til Jærhagen og opplev bussen på nært hald. Testturane går frå området mellom Sirkelen og isbanen. Er du heldig får du deg kanskje ein gratis køyretur med den første shuttelbussen utan sjåfør i Norge!

Fredag kl 15.00 til kl 18.00, laurdag kl 10.00 til kl 18.00 og sundag kl 11.00 til kl 16.00  

Har du forslag til namn på bussen kan du senda inn forslaget her.

Autonome bussar er ei viktig brikke i det framtidige kollektivtransport-tilbodet, og skal fungera som ei tilbringarteneste til og frå hovudstasjonane.

Ønsker du å vita meir om denne bussen og pilotprosjektet som er i gang på Forus, ta kontakt med Linn Terese Marken, tlf 902 15 738 eller e-post: linnteresemarken@forusprt.com