Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Folkeavstemming i dag 25. april

- Ja eller nei til Jæren kommune? På valdagen måndag 25. april, må du stemma i den kommunen du bur i.  Ta med legitimasjon med bilde! Åpningstid: 09.00 - 21.00

NB!! Hugs å avlegga stemme i den valkrinsen du høyrer til i.

Stemmelokale i Klepp kommune på valdagen:

01 Kleppe Klepp rådhus, festsalen        
02 Engelsvoll Engelsvoll skule, gymsalen        
03 Tu Kåsenhallen          
05 Orre Orre samfunnshus          
06 Bore Bore ungdomsskule, gymsalen        
09 Orstad Orstad Huset          

Kven har stemmerett?
  • Alle veljarar som har stemmerett ved eit kommuneval i Hå, Klepp og Time kommune, har stemmerett ved folkeavstemminga. I tillegg kan alle 16 og 17 åringar stemma, dvs alle som er fylt 16 år innan utgangen av 2016.

  • Statsborgarar i andre nordiske land som har fylt 16 år innan utgangen av 2016, og som har vore registrerte som busette i Norge seinast 31. januar 2016.

  • Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 16 år innan utgangen av 2016, og som har vore registrerte som busette i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.
Står du i manntalet?

For å kunna stemma ved folkeavstemminga, må du vera ført opp i manntalet for Hå, Klepp eller Time.

Manntalet for Klepp er lagt ut til offentleg ettersyn på Klepp rådhus; i ekspedisjonen og på biblioteket.

Dersom du nyleg har flytta, må melding om flytting vera motteken i  Hå, Klepp eller Time sitt folkeregister innan 31. januar 2016. 

Står du ikkje oppført i manntalet, eller om det er andre feil i listene, kan du senda skriftleg klage med grunngjeving til valstyret, så snart som råd. Valstyret vil behandla klager og retta eventuelle feil i manntalet så lenge det er praktisk mulig fram mot valdagen.

Valstyret i Klepp

Leiar er ordførar Ane Mari Braut Nese.

Adresse:
Klepp valstyre
Pb 25
4358 Kleppe

postmottak@klepp.kommune.no

Telefon: 51 42 98 64 / 51 42 98 00

Meir info

Husstandsbrosjyre på engelsk

Husstandsbrosjyre på russisk

هل تسكن في بلدية (هو) أو بلدية كليب أو بلدية تيما (برينا) و أنت فوق عمر 16 سنة و مقيم في النرويج على الأقل منذ ثلاثة سنوات تأكد من أنك تستطيع المشاركة في الاستفتاء على توحيد البلديات في 25 نيسان (ابريل).Husstandsbrosjyre på arabisk

Intensjonsavtalen

Dokument med felles utredning for dei 8 kommunane

www.Minnyekommune.no

Facebook