Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Folke Ravndal får Klepp kommune sin frivilligpris for 2019

Folke Ravndal har i alle år vore ei eldsjel i det frivillige arbeidet i Klepp og har roller og oppgåver i ei rekke ulike samanhenger.

Det er styret for Klepp frivilligsentral som tildeler frivilligprisen på vegne av Klepp kommune.

Det er Klepp historielag som har nominert Ravndal. I grunngjevinga for nominasjonen står det mellom anna dette om prisvinnaren:


Bygdeungdomslaget. Frå ungdomsåra med BU, leiar i Klepp BU, bladansvarleg i Rogaland BU, der han og vart leiar, representerte RBU i Jærdagskomiteen.
Styret i Jæren folkehøgskulelag
Klepp Bondelag, og som leiar i 1971-1973
Stiftelsen Fredheim
- har vore nestleiar i over 20 år!
- Er med i middagsservering, laurdagsgraut, seniordans, tar vaktmeisteroppgåver, står for vedlikehald, rydding, og andre praktiske oppgåver
Jærmuseets venner
Vitengarden
Med som aktiv formidlar av gamle jordbrukstradisjonar, slakting, Potetsetting og potetopptak med hest som trekkraft for barnehagebarn og Potetfestivalen, film om jordbruk med hest som trekkraft, kulturformidlar i mange samanhengar.
Klepp frivilligsentral
Med i «Karane med klypa» som samlar søppel i Kleppekrossen, frivillig vakt ved gangfelt i Kleppekrossen for skolebarn, var leiar i Eldrehjelpen fra 2007 - 2010, og frivillig i samme gruppe frå 2006 til no, vore med på å leie «Kul-tur», turar med kulturelt innhald i 9 år frå 2011 til dags dato, har vore frivillige på ulike arrangement
Slektsgransking - oppstart av tilbudet saman med historielaget
Klepp folkeakademi
Var med og stifta Klepp Folkeakademi i 1997 og var leiar i over 10 år Var med i redaksjonsnemnd for heftet «Kleppkyrkja 1846-1996»


Jærbladet skreiv i si tid dette om Folke Ravndal sitt engasjement på Fredheim: «Han serverer middag og tar gjerne oppvasken etterpå. I tillegg fungerer Folke Ravndal som historieforteller og DJ for pensjonistane på Fredheim» I kommunen sine retningslinjer for frivilligprisen står det mellom anna dette: «Føremålet med prisen er å synleggjera frivillig arbeid i Klepp kommune og å inspirera til frivillig innsats.» «Frivilligprisen kan delast ut til ein person, ei lokal foreining eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig, ubetalt innsats, engasjement, initiativ og pågangsmot til beste for enkeltpersonar, grupper eller samfunnet.»


Frivilligprisen vil bli utdelt på ordføraren sitt nyttårstreff i Klepp rådhus 1. nyttårsdag